Nordvest-Nytt AS

100 sauer døde etter å ha vorte tatt av flaum i Surnadal

Vassføringa går ned, men framleis er det fare for flaum og skred på Vestlandet og i Trøndelag. I Surnadal var rundt 100 sauer tekne av flaumen.

Styrtregn, flaum og jordskred prega helga i Vest- og Midt-Noreg, men den verste flaumfaren verkar no å vere over.

Farenivået vart måndag kveld sett ned til gult nivå for flaum og skred på Vestlandet og i Trøndelag. NVE er ikkje lenger i beredskap, men følgjer situasjonen nøye.

Dei store vassmengdene har skapt trøbbel ei rekke stader.

I Surnadal i Møre og Romsdal gjekk elva Surna over sine breidder måndag, og rundt 100 sauer døydde etter å ha vorte tatt av vassmassane. Truleg er òg to kyr døde, ifølgje ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap).

- Ein trist dag

Mellom 40 og 50 sauer vart redda, og dessutan fleire kyr.

- Det er òg mange kyr som har stått fast og ikkje komme seg over elva. Fleire kyr følgde elva og stod med vatn opp til halsen, seier Nyheim.

Vasstanden hadde måndag ettermiddag gått ned igjen, og det er ikkje lenger fare for dyra. Mannskap frå Røde Kors jobbar med å hente opp dei døde sauene.

I Surnadal vart det i helga sett ny nedbørsrekord med 67,7 millimeter på eitt døgn. Truleg er flaumfaren over for denne gongen.

- Vi håper det har roa seg. Det er mange utslitne dyr her no. Dette har vore ein trist dag, seier ordføraren.

Gult farenivå

Vassmengdene gjekk ned måndag, men flaumvarselet på gult nivå gjeld fram til onsdag morgon både på Vestlandet og i Trøndelag.

- Det vil framleis vere flaumvassføring i dei store vassdraga og i enkelte innsjøar, seier vakthavande flaumvakt Elin Langsholt i NVE.

Måndag og tysdag blir venta det meir regn, spesielt i Møre og Romsdal. Jorda er dessutan vassmetta over store delar av Vestlandet og Trøndelag, ifølgje NVE. Dermed er det framleis jordskredfare på gult nivå i Møre og Romsdal fram til onsdag morgon.

I resten av områda, frå Rogaland til Trøndelag, er det varsel på gult nivå fram til tysdag morgon.

Bebuarar var isolerte

I Sør-Trøndelag var det måndag regn og aukande vassføring i fleire elvar og bekkeløp. Bebuarar i eit tjuetal hus og eit omsorgssenter på Krokstadøra i Snillfjord kommune var innestengde etter at flaumvatnet tok ei bru, ifølgje NRK.

- Det er no laga ein mellombels sti sånn at bebuarar kan gå over elva, seier ordførar John Lernes (Ap) til NTB måndag kveld.

Tysdag skal ei mellombels bru på plass, slik at bilar kjem seg over elva.

Evakuerte fekk dra heim

På fylkesveg 610 i Gaular i Sogn og Fjordane ligg ei vegstrekning på mellom 700 og 800 meter under vatn, ifølgje avisa Firda. Vegen opnar truleg tysdag, ifølgje Vegtrafikksentralen.

I Stjørdal i Trøndelag stod rundt 100 sauer fanga på eit jorde etter at Stjørdalselva gjekk over sine breidder, ifølgje Trønder-avisa. Sauene vart frakta i sikkerheit i båt. Fleire jorde er overfløymde i Meråker og eitt hus vart evakuert.

I Sogn og Fjordane er vassføringa i dei fleste vassdraga på veg ned etter eit dramatisk døgn med mykje nedbør og sterke naturkrefter fleire stader.

25 personar vart evakuerte natt til måndag då elvar gjekk over sine breidder i Olden i Stryn kommune i Sogn og Fjordane, men dei fleste hadde måndag fått flytte tilbake, ifølgje avisa Fjordingen.

Det har gått mellom 15 og 20 skred som har stengt vegar i Sogn og Fjordane og Hordaland.

(©NPK)

Sauer blir redda ut av elva Surna i Møre og Romsdal som har gått over sine breidder. 100 sauer vart tatt av vatnet, også kyr skal vere tatt. Foto: Tor Helge Solli /Tidens Krav / NTB scanpix

Rundt 100 sauer døydde etter å ha blitt tatt av vassmassane då elva Surna i Surnadal på Nordmøre gjekk over sine breidder. Foto: Tor Helge Solli /Tidens Krav / NTB scanpix

Grunna kraftig regnvêr vart 25 bustader i eit bustadfelt på Krokstadøra i Snillfjord innestengde etter at vatnet tok ei bru.
Foto: Snillfjord kommune / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...