Nordvestnytt AS

Elvestuen vil ikkje snakke om avgifter på elbilar

Henrik Asheim i Høgre meiner elbilistane må vere med og betale rekninga for vegane. Tida er ikkje moden, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Henrik Asheim i Høgre meiner elbilistane må vere med og betale rekninga for vegane. Tida er ikkje moden, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

- Elbilen er ei suksesshistorie i Noreg. No må vi sikre at vi handterer henne rett, seier Elvestuen til NTB.

- Det avgjerande er at vi når dei klimamåla vi har sett oss, legg han til.

Elbilfordelane skal ikkje fjernast før målet om at dei utgjer 100 prosent av nybilsalet er nådde, lovar han. Det skal etter planen skje i 2025.

Høgre vil ha avgiftsdiskusjon

Henrik Asheim (H), som leiar finanskomiteen på Stortinget, tar på si side til orde for å byrje å diskutere eit nytt avgiftsregime for elbilar.

- Problemet er at politikken har verka så bra at vi no har 200.000 elbilar på vegane. Dei betaler ikkje avgifter, ikkje moms og mange stader ikkje bompengar, påpeikte Asheim på Politisk kvarter på NRK onsdag.

Det har medført at staten har tapt 3 milliardar kroner i skatte- og avgiftsinntekter. Og dess fleire elbilar på vegane, dess meir vil staten tape. Dette er berekraftig i lengda, meiner Asheim, som meiner for mykje av rekninga på vegar blir velta over på bensin- og dieselkøyrande bilistar.

Ei gruppe forskarar frå Forskingssenteret til Nordisk ministerråd Nordregio kom tysdag med eit klart råd til norske styresmakter om å redusere subsidieringa av elbilar, mellom anna for å få fleire over på kollektivtransport.

Vegprising alternativ

- Vi bør førebu oss no på at i 2025 så skal dette forhandlast om uansett. Då må vi vere tidleg ute med å vedta dei endringane som trengst, slik at folk er førebudde, meiner han.

I Granavolden-erklæringa har dei fire regjeringspartia vorte samde om ikkje å røre elbilfordelane før i 2021. Men allereie før stortingsvalet bør regjeringa ha vorte samde om eit nytt avgiftssystem, meiner Asheim. Han synest vegprising er eit godt alternativ.

- Det betyr at du framleis ikkje betaler avgifter for elbilar, men for bruk av veg, seier han.

- Alle parti må ha nokre svar til veljarane i 2021 på kor vi meiner at dette systemet skal vere i 2025, meiner Asheim.

- Inga semje

Elvestuen er på si side krystallklar på at tida for slike diskusjonar langt frå er moden.

- Det er inga semje i regjeringa om vegprising. Vi skal ikkje gjere nokon feil no. Politikken verkar, og han verkar raskare enn nokon hadde forventa, seier han og peikar samtidig på at tapa på statsbudsjettet må kunne dekkast inn på andre postar.

- Fryktar du at elbil-trenden vil snu dersom ein byrjar å diskutere avgifter?

- Vi skal ikkje gjere nokon endringar som stoppar det skifta vi ser no, slår Elvestuen fast.

Han medgir òg at han fekk ein klump i magen då han las nyheita tysdag om at CO2-nivåa i atmosfæren aldri har vore målt høgare enn no.

- Det er krise, slår klimaministeren fast.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) vil ikkje begynne å diskutere korleis elbilfordelane skal fjernast i framtida, slik Henrik Asheim (H) tek til orde for. Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...