Nordvest-Nytt AS

Guri Melby: - Vi kan ikkje la Kina diktere kva klede folkevalde får gå med

Stortingsrepresentant Guri Melby (V) vart beden om å ta av seg ei gul T-skjorte med påskrifta «Frihet», då den kinesiske delegasjonen kom til Stortinget onsdag.

Stortingsrepresentant Guri Melby (V) vart beden om å ta av seg ei gul T-skjorte med påskrifta «Frihet», då den kinesiske delegasjonen kom til Stortinget onsdag.
Med stort tryggingsoppbod kom Kinas tredje mektigaste mann, Li Zhanshu, til Stortinget. Leiaren av den kinesiske Folkekongressen vart møtt av taktfaste rop frå menneskerettsaktivistar i lydkrig med støttespelarar.
Demonstrantane ropte «skam over Kina» og «menneskerettar no», og jobba hardt med å overdøyve støttespelarane til den mektige kinesaren i den ukjende kinesiske handelsorganisasjonen «Norway-Wenzhou Chamber of Commerce».
Organisasjonen stod nærast inngangen til Stortinget med trommer og store flagg som skjerma for demonstrantane.

Måtte ta av seg t-skjorte

På Løvebakken vart Li møtt av stortingspresident Tone W. Trøen (H). Utanfor sperringane stod stortingsrepresentantane Petter Eide (SV) og Guri Melby med gule T-skjorter med påskrifta «frihet». Då Melby skulle inn på Stortinget igjen, vart ho beden om å ta av seg T-skjorta.
- Eg måtte ta av meg T-skjorta for å få komme inn på Løvebakken igjen. Vaktene ville ikkje at den kinesiske delegasjonen skulle sjå meg. Hadde eg ikkje hatt dårleg tid fordi eg skulle hente i barnehagen, hadde eg ikkje akseptert det, seier Melby, som vil ta episoden opp med Stortinget.
- Vi kan ikkje la kinesiske styresmakter diktere kven som skal demonstrere utanfor Stortinget, og i alle fall ikkje kva for klede norske folkevalde får gå med inne på Stortinget. Det er veldig spesielt, og noko eg kjem til å ta opp med Stortinget, held Melby fram.

Trøen: - Kjenner ikkje til hending

Kina blir kritisert av verdssamfunnet for ei rekke menneskerettsbrot, mellom anna for korleis dei behandlar den muslimske minoriteten uigurane.
Stortingspresident Tone Trøen beskriv samtalane med formann Li som konstruktive. Besøket fell saman med 17. mai, og stortingspresidenten fortel at i det høvet var det naturleg å snakke om den norske Grunnlova og viktige demokratiske prinsipp.
- Vi hadde ein open diskusjon om menneskerettar. Eg var tydeleg om at det er ein debatt i Noreg om menneskerettsspørsmål i Kina, seier Trøen til NTB.
Stortingspresidenten meiner at Noreg har mykje å vinne på eit breitt og langsiktig samarbeid med Kina, og at besøk og møte bidreg til betre kontakt og forståing.
- Guri Melby seier ho vart beden om å ta av seg T-skjorta før ho gjekk inn på Stortinget. Er Noregs forhold til Kina viktigare enn ytringsfridommen?
- Eg kjenner ikkje til den spesielle hendinga. Eg meiner at vi i dag har lagt til rette for at ulike stemmer og meiningar skal kunne synleggjerast og høyrast òg i samband med dette besøket.

- Ville stanse kritikk

Før besøket har Amnesty, Venstre og SV protestert mot det dei meiner var eit kupp av Eidsvolls plass under statsbesøket, sidan dei som fekk stå aller fremst er ei handelsforeining som er positiv til Kina. Ifølgje NRK søkte foreininga om plassen to veker før det vart kjent at Li skulle komme til Noreg.
Stortingsrepresentant Petter Eide (SV) meiner at Stortinget har føydd seg etter ønsket til kinesiske styresmakter, og at den kinesiske ambassaden må hatt ein finger med i spelet.
- Den ukjende kinesiske organisasjonen fekk godkjent demonstrasjonsløyvet sitt to veker før besøket var offentleg kjent i Noreg. Det les eg som at norske styresmakter, presidentskapet, har vorte med på eit opplegg for å hindre kritikk, seier Eide til NTB.
Dette avviser stortingspresidenten.
- I denne saka har vi følgt det regelverket som vi alltid har. Den første som søkjer om å få bruke Eidsvoll plass til ei markering, får det. Stortinget gjer inga siling, skjønnsvurdering eller vurdering av politisk bodskap, seier Trøen.
EMBED START Custom Utanfor sperringane stod stortingsrepresentantane Petter Eide (SV) og Guri Melby med gule T-skjorter med påskrifta «frihet». Då Melby skulle inn på Stortinget igjen vart ho beden om å ta av seg T-skjorta. Foto: Thomas Lien / Venstre EMBED END Custom (©NPK)
Presidenten for Kinas Folkekongress, Li Zhanshu, i møte med stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen under besøket på Stortinget. POOL
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpixPresidenten for Kinas Folkekongress, Li Zhanshu, i møte med stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen under besøket på Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpixLeiaren og representantar frå den kinesiske Folkekongressen besøker Noreg. Utanfor Stortinget blei dei møtt av menneskerettsorganisasjonar. Foto: Ryan Kelly / NTB scanpixPresidenten for Kinas Folkekongress, Li Zhanshu, i møte med stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen under besøket på Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpixAmnesty, Den norske Tibet-komité og Den norske Uigurkomiteen demonstrerte då den kinesiske toppolitikaren, som er leiar av Folkekongressen og blir rekna for å vere nummer tre på rangstigen i Kina, kom til den norske parlamentsbygningen. Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...