Nordvestnytt AS

Politikarar reagerer med sjokk på siktinga mot Waras sambuar

«Trist» og «sjokkerande» går igjen som reaksjonar på siktinga mot sambuaren til Tor Mikkel Wara. Valforskar Bernt Aardal kallar det «ei bombe».

- Dette er først og fremst trist for Tor Mikkel og familien hans, som no er i ein svært vanskeleg situasjon. Siktinga kom som eit sjokk på oss alle, og er bortanfor det vi kunne sjå for oss. Når det er sagt, må politiet og PST no få gjere jobben sin i den vidare etterforskinga, seier Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande.

Også Frp-nestor Carl I. Hagen er sjokkert.

- Eg er i sjokk. Eg skjønner ikkje noko. Eg håper PST tar feil. Nei, eg er heilt mållaus av den siste utviklinga i denne saka, seier Hagen til VG.

Han har den siste tida engasjert seg sterkt i Wara-saka. Mellom anna har Hagen sagt at han ønskte å politimelde den påtaleansvarlege for saka i Oslo-politiet for grov tenesteforsømming.

Valforskar og statsvitar Bernt Aardal kallar siktinga «ei bombe».

- Dette er ei bombe. Denne saka, alle desse hendingane, har slått veldig sterkt inn i det politiske miljøet. Seinast i går vart saka nemnd i Stortinget, Wara fekk mykje sympati. Mange har òg kalla dette eit angrep på demokratiet, seier Aardal til Vårt Land.

- Sjokkmelding

Han seier dette har vorte ei stor sak reint politisk, og kallar det ei sjokkmelding.

- Dette gjeld ein justisminister frå Frp. Ikkje minst har det vore spekulasjonar om i kva grad dette er gjort av politiske grunnar, at nokon har ønskt å ramme han som Frp-statsråd. Det har vore spekulasjonar fram og tilbake, det har òg komme påstandar om at nokon eller alle hendingane er iscenesette, seier Aardal.

Waras sambuar, Laila Anita Bertheussen (54), vart torsdag sikta for å ha dikta opp ei straffbar handling ved å setje fyr på bilen til familien natt til 10. mars. Det har i forkant av dette vore fire andre mistenkelege hendingar ved bustaden til familien. Mellom anna har huset vorte tagga på, nokon har sett fyr på søppelkassa, og dei har fått eit truande brev. Bertheussen er ikkje sikta for nokon av desse episodane.

Truslane starta i kjølvatnet av teaterstykket «Ways of Seeing», der det vart vist bilde av bustaden til paret.

Bør vurdere Waras framtid

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes var torsdag kjapt ute og bad statsminister Erna Solberg vurdere Tor Mikkel Waras framtid som statsråd.

- Erna Solberg bør vurdere om Tor Mikkel Wara skal halde fram som justisminister. Eg lurer òg på kva Solberg tenker om det angrepet ho retta mot teateret i går, sett i lys av det som kjem fram no. Det håper eg at ho kan gi eit svar på, seier han til VG.

Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne meiner likevel at Moxnes går for langt i utsegnene sine.

- No gjekk Moxnes over streken. Eg ønsker for Bjørnar Moxnes at viss han hadde vore i ein liknande situasjon som Wara, så hadde ikkje dei politiske motstandarane hans sprunge til pressa med krav om avgang før ein visste noko om rolla hans i saka. Det er for tidleg å konkludere tre timar etter siktinga, dette blir berre politisk spel, seier ho.

Wara har bedt om å få permisjon, og Jon Georg Dale overtar som fungerande justisminister.

(©NPK)

Venstre-leiar Trine Skei Grande seier siktinga mot sambuaren til Tor Mikkel Wara kom som et sjokk. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...